CARAVANFORUM

caravan forum for campere
 
PortalePortale  IndeksIndeks  CalendarCalendar  GalleryGallery  HjelpHjelp  SøkSøk  Bli MedlemBli Medlem  Logg Inn  

Share | 
 

 Kunna enda i kattastrofe dette!

Vis Forrige Tema Vis Neste Tema Go down 
AvInnlegg
Lmc
CARAVANER
CARAVANER


Male
Antall Innlegg : 116
Localisation : Hovdebygda, Ørsta
Registration date : 19.01.2011

PosteTema: Kunna enda i kattastrofe dette!   Man 30 Mai 2011 - 22:54

Har holdt på med vogna i kveld for å gjere den klar til tur til helga. Litt kaldt på sunnmøre for tida så eg slo på trumaen for å få litt varme i vogna, syntest at vifta gjekk litt seint på full guffe men tenkte at det berre var noko eg innbilte meg. Gjorde diverse inne i vogna og fylte vatn på dassen. Når eg testa spylinga til dassen kom det ikkje ein dråpe vatn, sjølv om displayet lyste slik det skulle. Vart litt sur då og tenkte at eg får lese litt i manualen til tetford får feilsøking, men då eg slo på lyset for å ha leselys skjønte eg med ein gong at her var noko som ikkje stemte. I det svake lyset som kom tenkte eg med ein gong at batteriet hadde tatt kveld og slo med til ro med det. Enda litt surare gjekk eg inn for å søke opp pris på nytt batteri på nettet mens eg ergra meg over at det alltid skal kome nye utgifter som er høgt uønska i desse tider. Søkte på nettet etter batteri og vart usikker på alle typene. Jaja, får vel sjekke kva batteri som står i vogna og gjekk ut igjen. Men sidan vogna er frå 07 tenkte eg at eit batteri skal vel halde lenger enn 4år. Fann fram måleinstrumentet og målte 6 volt på polane. Syntest det var merkeleg sidan laddaren sto tilkopla. Då er det vel laddaren som er gåen då, og den kostar sikkert mykje meir enn eit nytt batteri. Vart enda surare og tok fram ei lykt for og sjå om der var noko sikring som kunne skiftast, då eg vart oppmerksom på at det var to svarte leidningar ut frå laddaren. Og den eine svarte gjekk over til raud farge eit par cm frå utgangen på laddaren. Då viste det seg at dei to abikoklemmene som går ut frå laddaren med ladding til batteriet hadde kortslutta og dermed vart batteriet kortslutta. Sidan leidningane til batteriet berre var 1,5 kvadratcm hadde det brent nesten av og kontakta mellom dei blitt brutt. Viss desse leidningane hadde vore tjukkare kunne kortslutninga vart lenger og ført til at varme fekk utvikle seg seg til brann? Skifta til nye og betre klemmer og brukte spesialtang for desse klemmene slik at tilkoplingane er meir beskytta og strekkavlastninga er god. Og alt virka i skjønnaste orden, både batteri og laddar (takk for elektronisk beskyttelse i ladder)
Men dette kunna faktisk enda i brann, og turen til Italia til sommaren kunne blitt spolert. Så her etter skal eg tenke litt meir over korleis campingstolane ligg under dobbeltsenga når eg pakkar vogna. Trur det er det som har skjedd, at ein stol har blitt plassert over utgangen på laddaren.
Ein lærer så lenge ein lever, og denne gongen enda det bra, utan at eg som sunnmøring måtte bruke eit øre på utbedring av feilen. cheers
Til Toppen Go down
Vis Medlemmets Profil
Ralena
CAMPER
CAMPER


Female
Antall Innlegg : 36
Age : 44
Localisation : Asker
Registration date : 24.04.2011

PosteTema: Re: Kunna enda i kattastrofe dette!   Tir 31 Mai 2011 - 16:35

Uff så skummelt, men glad alt gikk bra Smile
Til Toppen Go down
Vis Medlemmets Profil
Gjest
Gjest



PosteTema: Re: Kunna enda i kattastrofe dette!   Tir 31 Mai 2011 - 17:08

Lag en liten skilleveggslik at batteriet står atskilt fra annet i lasterommet. Og fest den oppe og nede med vinkler av metall og på "riktig" side slik at de står på motsatt side av det du oppbevarer i lasterommet. Bruk 6-8 mm kryssfinér.

Jeg har konsekvent utelatt løse koblinger for utstyr tilkoblet batteriet. Batterilader er påmontert kabelsko, det samme er 12V/230V omformer, og ledningene ut fra batteriet er 10 mm2 med solide kabelsko. Batteriet har 6 mm M6 skruetilkobling, og ikke vanlige bilbatteri-poler.

Det hele er dekket med plexiglass for beskyttelse mot kortslutning. Men jeg har dette under sittegruppen, og ikke utsatt for bagasje på ville veier.
Til Toppen Go down
Sponsored content




PosteTema: Re: Kunna enda i kattastrofe dette!   Today at 3:05

Til Toppen Go down
 
Kunna enda i kattastrofe dette!
Vis Forrige Tema Vis Neste Tema Til Toppen 
Side 1 av 1

Permissions in this forum:Du kan ikke svare på temaer i dette forumet
CARAVANFORUM :: CAMPINGVOGNER :: Elektrisk (ladere,vinterkobling,12 volt/230 volt)-
Gå Til: